dataaijobs

Helse Stavanger

1 Stelle · nach Relevanz

Postdoktor/ Data Scientist innan medisinsk bildediagnostikk og kunstig intelligens

ArbeitsortBergen
HomeofficeKeine Angabe

Vi søker ein kanditat med sterke programmeringsferdigheiter og praktisk erfaring med trening av djuplæringsmodellar for segmentering av medisinske bilde. Ei sentral oppgåve vil vere å etablere eit reproduserbart, containerbasert treningsoppsett, til dømes nnU-Net i Docker på sjukehusets berekningsinfrastruktur, med sikker dataflyt frå lokale bildearkiv til treningsmiljøet. Stillinga kombinerer anvendt forsking og teknisk utvikling av maskinlæringsløysingar, med vekt på vitskapleg publisering og klinisk relevant vurdering.

Om MMIV:

MMIV er lokalisert ved Radiologisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus. Senteret samlar kompetanse innan radiologi, klinisk medisin, informatikk og ingeniørfag for å forbetre bildediagnostikk og kliniske arbeidsprosessar. Tilknytningen til sjukehuset legg til rette for samarbeid mellom forskarar og klinikarar om klinisk relevante problemstillingar innan bildediagnostikk. Meir informasjon: https://www.mmiv.no
Den som blir tilsett, blir ein del av eit forskingsmiljø med om lag 20 kollegaer som hovudsakleg arbeider med bildeforsking og kunstig intelligens. Det daglege arbeidet vil innebere tett samarbeid med deltakarar i ASIS-prosjektet, med jamnlege moglegheiter til å diskutere metodar, resultat og klinisk anvendingar. Hauke Bartsch og Satheshkumar Kaliyugarasan vil gje vitskapleg rettleiing.

Finansiering og karriereutvikling
Stillinga er finansiert for eitt år. I denne perioden skal den som vert tilsett, samarbeide med seniorforskarar ved MMIV om å utarbeide og sende inn ein felles søknad om ekstern finansiering, med sikte på å støtte vidare forsking og mogeleg vidare tilsetjing. Søknadsarbeidet vil inngå i den avtalte arbeidsplanen.
Aktuelle moglegheiter kan omfatte eit postdoktorstipend, dersom kandidaten oppfyller kvalifikasjonskrava, eller ein anna eigna finansieringsordning. Eventuell vidare tilsetjing vil avhenge av at finansiering blir innvilga, og at gjeldande rekrutteringsprosedyrar bli gjennomført.

Den som vert tilsett, skal bidra til ein avgrensa del av ASIS-prosjektet i samarbeid med forskarar, klinikarar og tekniske medarbeidarar. Arbeidsplanen for det eitt-årige engasjementet vil rettast mot å gjere mogleg lokal trening av segmenteringsmodellar for eit eller fleire utvalde bruksområde innan bildediagnostikk. Prioriteringane vert avtala ved tiltredelse

  • Utvikle, trene og evaluere segmenteringsmodellar, og integrere dei i kliniske og prekliniske system for utprøving
  • Utarbeide vitskaplege publikasjonar og formidle resultat
  • Bidra til søknadar om ekstern finansiering for vidare forsking og mogleg videre tilsetting

Kvalifikasjonar

  • Relevant mastergrad eller doktorgrad innan medisinsk avbildning, maskinlæring, informatikk, beregningsbasert radiologi eller eit beslekta fagområde
  • Tilsetting som postdoktor krev at doktorgraden er oppnådd før oppstart av stillingsforhold. Søkarar utan doktorgrad vil bli vurdert for tilsetting som Data Scientist på grunnlag av relevante programmeringsferdigheiter og erfaring med medisinsk bildeanalyse og maskinlæring
  • Sterke programmeringsferdigheiter i Python og praktisk erfaring med arbeid i Linux-miljø, inkludert kommandolinjen, Git og Docker eller annan containerteknologi
  • Evne til å drive sjølvstendig og strukturert forsking, samt erfaring frå tverrfaglege forskargrupper, inkludert samarbeid med klinikarar eller forskarar frå andre fagområde

Ønska kvalifikasjonar:

Erfaring innanfor eit eller flere av følgjande område vil vere ein fordel:

Det er ikkje forventa at søkarar har erfaring frå alle desse områda, heller ikke samtlege av kvalifikasjonskrava er obligatorisk for å søke.

Vi søker ein kollega som

  • Er motivert for å forstå kliniske behov og omsette dei til praktiske forskingsspørsmål

Forskingserfaring, motivasjon, vitskapleg potensiale og personleg eignaheit vil bli vektlagt i vurderinga. Kvalifikasjonar og meritter vil bli vurdert i lys av kor søkaren er i karrieren. Søkarar bør vise korleis erfaringa deira kan bidra til å etablere lokal modelltrening i ASIS-prosjektet i løpet av det eitt-årige engasjementet.

  • Ettårig forskingsstilling i eit tverrfagleg miljø ved universitetssjukehus
  • Tett samarbeid med klinikarar, KI-forskarar og prosjektpartnarar
  • Moglegheiter til å utvikle kompetanse innan forsking og MLOps, publisere funn og bidra til klinisk relevant KI-forsking
  • Gode pensjonsordningar

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook .
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Ganze Seite öffnen

Arbeitgeber

Mehr Stellen finden

Weitere Stellen

Filter

Fachgebiet
Homeoffice